Laurdag 1.mai stilte ein god dugnadsgjeng opp og ferdig stilte ny øvings green.

Eit godt stykke arbeid gjer at vi i løpet av sommaren kan tilby golfspelarar og kursdeltakarar fine treningsfasilitetar. Takk til ein trufast skare medlemmar som dreg lasset saman!

Hei det er behov for ein ny dugnad – måndag 03.mai kl. 18.00

Restraking av bana og flytting av masse med traktor

Ta med rive – hanskar og godt humør 🙂

 

Banekommitéen

 

Nordfjord Golfklubb har no bestemt at vi opnar bana for spel på sommargreenar laurdag 01. mai kl. 12.00

Ta omsyn til smitteverrnreglar

Vi ynskjer alle ein god golfsesong !

Styret

Nordfjord Golfklubb inviterer til vårdugnad laurdag 24. april kl. 13.00

Ta med rive og plenrive – arbeidet er stort sett raking og rydding av kvister på fairways og greenar.

Vel møtt

Banekommiteen

Hei sesongen er snart i gang og vi inviterer nye som er interesserte:

VTG – kurs, tysdag 27. april kl. 17.00 – 20.00 på Stokkenes Golfpark

Påmelding og/eller spørsmål til 92037960 eller 97511194 – eller på e-post til post@norgolf.com

På grunn av covid situasjonen er det ikkje tilrådelig å arrangere årsmøte. Vi utsetter dette på ubestemt tid, og dagens styre fortsetter til årsmøtet er avholdt. Men kan melde at vi har hatt et svært godt golfår. Økning i medlemsmassen og sunn og god økonomi. Styret har besluttet at vi viderefører dagens nivå på kontingent, og det sendes ut faktura på dette i starten av februar.
Golfhelsing
Kent Tryggestad
Styreleder

Årsmøte Nordfjord Golfklubb 2021

Årsmøteinnkalling_NGK_ 2021

Årsmøteinnkalling_SGP_ 2021

 

Årsmøtet vert halde på Nordfjord Hotell, torsdag 04.02.2021, kl. 18.00

 

Eventuelle smittevern tiltak kan føre til at vi ikkje får gjennomført fysisk møte.

 

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden
  2. Val av møteleiar, referent og to medlemar til å skrive under protokollen.
  3. Styrets årsmelding 2020
  4. Rekneskap 2020 og budsjett 2019
  5. Regulering av kontingent, greenfee, årskort
  6. Val av leiar
  7. Val av styremedlemar, varamedlemar og komitémedlemar
  8. Eventuelt.

 

 

Nordfjordeid, 21. januar 2021

 

………………………………………………..                                          ……………………………………….

Joar Sæten, sign                                                                    Kent Tryggestad, sign

-sekretær-                                                                              -styreleiar-

Dato for årsmøtet er satt til 04. februar 2021- innkalling kjem

Hei alle golfspelarar som ynskjer å spele golf i vinter🙂. I år vert det ikkje mogeleg å spele golf innandørs i juleferien. På grunn av covid 19, ansvar og smittevern vert dette ikkje mogeleg. Hotellet stenger 18.des., og åpnar igjen 04. januar.
Det er no mogeleg å kjøpe årskort for 2020. Årskortet gjeld frå 01.01.21 – 31.12.21. Pris for vaksne er kr.1.000,-, og for junior kr. 500,-
Dette gjeld for medlemar av Nordfjord Golfklubb.
Pris pr. time for medlemar av andre golflubbar er kr.200,- for senior og kr.100,- for junior.
Betal med VIPPS TIL 99802.
Vi minner om følgjande for dei som vil bruke simulatoren:
  • All booking skal gå føre seg på Golfbox .
  • Registrer namn på alle som skal spele.
  • Alle som skal spele skriv seg inn i eiga bok i resepsjonen.
  • Alkohol er forbode på Hemsen, det same gjeld med brakt mat og drikke.
  • Dersom du vil ha kaffi eller anna å forfriske deg på, betalar du for dette i resepsjonen.
  • Det er viktig at du les instruksane for av og pålogging, og gjer dette på rett måte.
  • Husk alltid å rydde opp etter deg og sprite overflater du tek på, hender før og etter at du har spelt.
  • Det skal vere max 4 personar som oppheld seg i rommet.
  • Dersom timen før ein skal spele er ledig, kan ein møte litt tidlegare for å logge sg inn etc.
  • Alle tek med seg ny rein ball og bruker denne. Spel ikkje på same ball.
  • Det er ikkje lov å legge seg inn på andre sine tider i Golfbox. Dette skal i i dette høve avklarast med den som har tinga tid fyrst.
  • Årskortet gjev deg rett til å spele 2 timar pr.dag. Spelar ein utover den tida, gjeld spelesatsar for junior og senior.
NB! husk coronareglane og sprit hender og overflater!!

Nordfjord Golfklubb inviterer alle medlemer til årsavslutning på Nordfjord Hotell 21.11 kl 1900

Det vert og arrangert konkurransar i shufflelboard, dart og biljard!

Hotellet har sett opp 2 ulike mat alternativ, der vi kan velje eit samla alternativ for gruppa

Alternativ 1:

Braiserte oksekjakar servert med potetpure, rotgrønnsaker og raudvinsaus

Brownie med gnache

Kr 410,- pr person

 

Alternativ 2:

Biff med sopp, brokkoli, saltbakte poteter og raudvinsaus

Lun eplekake med vaniljekrem

Kr 460,- pr. person

 

Klubben sponsar kvar middag med kr. 100,-, slik at prisane medlemene betalar blir kr. 310,- og 360,-

Gi tilbakemelding om du vil vere med til post@norgolf.com eller sms til 91360535 innan 09.11

Gje og melding om matalternativ 1 eller 2