Velkommen!

Kontakt oss

• Heilt magisk bane
• Greenfee 250 kr
• Alltid ledige tider
• Vi har køller
• Callaway Rouge & Mavrick

Simulatorgolf hemsen på Nordfjord Hotell

Det er no mogeleg å kjøpe årskort for simulatoren. Årskortet gjeld frå 01.01.22 – 31.12.22. Pris for vaksne er kr.1.000,-, og for junior kr. 500,- Dette gjeld for medlemar av Nordfjord Golfklubb.

For andre som ikkje har årskort:
Pr. pr. time: kr. 200,- for senior og kr. 100,- for junior – gjeld for leige av simulator og pris vert å dele på tal spelarar pr. time. Betal med VIPPS TIL 99802.

Vi minner om følgjande for dei som vil bruke simulatoren:

  • All booking skal gå føre seg på Golfbox .
  • Registrer namn på alle som skal spele.
  • Alle som skal spele skriv seg inn i eiga bok i resepsjonen.
  • Medbrakt mat og drikke er ikkje tillete, de kan kjøpe dette i resepsjonen og ta med opp om de vil
  • Dersom du vil ha kaffi eller anna å forfriske deg på, betalar du for dette i resepsjonen.
  • Det er viktig at du les instruksane for av og pålogging, og gjer dette på rett måte !!
  • Husk alltid å rydde opp etter deg og sprite overflater du tek på, hender før og etter at du har spelt.
  • Det skal vere maks 4 personar som oppheld seg i rommet.
  • Dersom timen før ein skal spele er ledig, kan ein møte litt tidlegare for å logge seg inn etc.
  • Alle tek med seg ny rein ball og bruker denne. Spel ikkje på same ball.
  • Det er ikkje lov å legge seg inn på andre sine tider i Golfbox. Dette skal avklarast med den som har tinga tid fyrst.
  • Årskortet gjev deg rett til å spele 2 timar pr. dag. Spelar ein utover den tida, gjeld spelesatsar for junior og senior.

NB! husk coronareglane og sprit hender og overflater!!