Årsmøte 2021 NGK og SGP
/in Nyheter /by arildDato for årsmøtet er satt til 04. februar 2021- innkalling kjem
Simulatorgolf hemsen på Nordfjord Hotell
/in Nyheter /by arild
- All booking skal gå føre seg på Golfbox .
- Registrer namn på alle som skal spele.
- Alle som skal spele skriv seg inn i eiga bok i resepsjonen.
- Alkohol er forbode på Hemsen, det same gjeld med brakt mat og drikke.
- Dersom du vil ha kaffi eller anna å forfriske deg på, betalar du for dette i resepsjonen.
- Det er viktig at du les instruksane for av og pålogging, og gjer dette på rett måte.
- Husk alltid å rydde opp etter deg og sprite overflater du tek på, hender før og etter at du har spelt.
- Det skal vere max 4 personar som oppheld seg i rommet.
- Dersom timen før ein skal spele er ledig, kan ein møte litt tidlegare for å logge sg inn etc.
- Alle tek med seg ny rein ball og bruker denne. Spel ikkje på same ball.
- Det er ikkje lov å legge seg inn på andre sine tider i Golfbox. Dette skal i i dette høve avklarast med den som har tinga tid fyrst.
- Årskortet gjev deg rett til å spele 2 timar pr.dag. Spelar ein utover den tida, gjeld spelesatsar for junior og senior.
Årsavslutning Nordfjord Golfklubb – UTSETT !!
/in Nyheter /by arildNordfjord Golfklubb inviterer alle medlemer til årsavslutning på Nordfjord Hotell 21.11 kl 1900
Det vert og arrangert konkurransar i shufflelboard, dart og biljard!
Hotellet har sett opp 2 ulike mat alternativ, der vi kan velje eit samla alternativ for gruppa
Alternativ 1:
Braiserte oksekjakar servert med potetpure, rotgrønnsaker og raudvinsaus
Brownie med gnache
Kr 410,- pr person
Alternativ 2:
Biff med sopp, brokkoli, saltbakte poteter og raudvinsaus
Lun eplekake med vaniljekrem
Kr 460,- pr. person
Klubben sponsar kvar middag med kr. 100,-, slik at prisane medlemene betalar blir kr. 310,- og 360,-
Gi tilbakemelding om du vil vere med til post@norgolf.com eller sms til 91360535 innan 09.11
Gje og melding om matalternativ 1 eller 2