Gratrotandelen – legg til NGK når du tipper !

– legg deg til og slik støttar du det frivillege arbeidet i golfklubben – ca 2000 timar dugnad i året

Avslutning av sesongen og sosiale aktivitetar

Hei styret har vedteke følgande;

Det vert samling 02. november kl. 20.00 på Kinarestauranten –  der det vert mogeleg å kjøpe mat mm. Samtidig vert det premieutdeling for Sommarslaget og Nattgolfen. Påmelding er nødvendig til Frode Nord eller Arild Hjelmeland innan 31. oktober takk og velkomne skal de være 🙂

Samtidig vil styret minne om:

Vi har som fast målsetting om at vi har sosial samling kvar første torsdag i mnd kl. 20.00. Set av tid i kalender no og plassering kjem vi tilbake til på nett/sosiale media.

Nordfjord GK har open sosial samling i Malakoff bar på Nordfjord Hotell kvar første torsdag i mnd. gjennom vinteren. Møt opp alle som vil kl. 20.00 ! 🙂
07.12
04.01
01.02
01.03
05.04
Vel møtt

Styret

Nattgolf !!

NGK inviterer til Nattgolf mandag 23. oktober 2017,  kl. 19.00 på Stokkenes.

Påmelding i Golfbox eller ved oppmøte – møt opp seinast 18.30

Sportskommiteen

Ekstraordinært Årsmøte Stokkenes Golfpark

Ekstraordinært årsmøte – Stokkenes Golfpark SA – 2017, fredag 06. oktober i Skreddarhuset kl. 18.00

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden
  2. Val av møteleiar, referent og to medlemar til å skrive under protokollen.
  3. Kjøp av gnr. 48 b.nr. 17 Styret har siste tida hatt ein prosess for å inngå avtale om kjøp av garasje der golfklubben i dag har lager av verkty og utstyr. Avtalen er no ferdig forhandla, sjå vedlegg 1.  Styret i Stokkenes Golfpark må ha fullmakt frå årsmøtet til å ta opp lån. (viser til gjeldande vedtekter, sjå vedlegg 2)

Vedlegg:

  1. Avtale for kjøp av garasje
  2. Vedtekter for Stokkenes GolfparkAll dokumentasjon er tilgjengeleg på kontoret til sekretær

Nødvendig dokumentasjon er tilgjengeleg på sekretær sitt kontor

Nordfjordeid, 26. september, 2017

 

………………………………………………..                        ……………………………………….

Arild Hjelmeland, sign                                                Kent Tryggestad, sign

-sekretær-                                                                              -styreleiar-

 

Fylkesmeisterskap i Sogn og Fjordane 17.09.2017 – bana er stengt for andre i perioden 10.00 – 16.00

Nordfjord GK arrangerer Fylkesmeisterskap 17. september og då vert bana stengt for andre. Bana kan nyttast etter kl. 16.00.

 

NordVest Tour 2017

Uttale frå Donovan Goosen:

Takk til alle som har deltatt på NordVestTour i 2017. Vi har hatt 8 super turneringar med mykje bra golf. Samtlige baner har vore i kjempebra stand og arrangement supert!!

Etter den siste runde blei vinnarar av Order of Merit i dei 6 klasser kåra. I to av klassene var det ikkje over før siste slaget vart slått. Kjempespannande ?

Brutto Junior – Andreas Årseth
Stableford Junior – Andreas Årseth
Brutto Voksen – Ole Magnus Orlien
Stableford Voksen – Thomas Hove
Brutto Senior – Tore Henning Naustdal
Stableford Senior – Reinhart Halsør

Eg vil også trekke fram Kenneth Rusten, Thomas Hove og Peder Barstad som har deltatt i alle 8 rundar i år ??⛳️

Har du kommentar, innspel, kritikk, forslag, ris eller ros? Ta gjerne kontakt med meg her på Facebook, eller i kommentarfeltet. Vi vil gjerne fornye oss kvart år og bygge vidare på NVT konseptet.

Takk for denne gangen og vi krysse fingrane for ein fin haust og ein snill vinter ??☀️

http://www.golfbox.no/livescoring/tour/?language=1044#/orderofmerit/57898 

Klubbtur til Sunnmøre 2017

Ein gjeng frå Nordfjord GK var på tur til Sunnmøre i helga og hadde ein fin oppleving og god service frå Sunnmøre GK på Hareid, laurdag – Ulstein Hotell i Ulsteinvik og deretter Volda GK søndagen. Takk for oss 🙂

Bilde frå hol 19 på Volda GK

Fylkesmeisterskap i Golf – 17. september _ Nordfjord GK

Nordfjord Golfklubb inviterer til fylkesmeisterskap i golf 2017 !

Det vert fylkesmeisterskap i golf, slagkonkurranse, hjå Nordfjord Golfklubb 17.09.2017.

Starttidspunkt: kl.11.00

Påmelding i Golfbox; https://www.golfbox.no/portal/golf_info/gbtourframe.asp?selected={CC74A204-A100-4547-9A48-63BF5E02C2D2}&language=1044&#/competition/1269968/info

Klasser: Senior-Voksen- Jr. herre- Jr . damer/damer

Klubbane melder på 6 deltakarar.

Dei som vert meldt på må vere medlem av ein av golfklubbane i Sogn og Fjordane.

Dersom det vert lite deltakarar frå nokre klubbar, er det mogeleg for andre spelarar i fylket  å delta.

Det vert enkel servering

Bana til Nordfjord Golfklubb held god standard. Fine greenar og fairway.

De er hjarteleg vekomne til ein flott golfdag  på Stokkenes Golfpark.

 

Med helsing

Nordfjord Golfklubb

 

 

Klubbmeisterskap Nordfjord GK 27. august kl. 11.00

Det vert arrangert; 18 hol og slagkonkurranse. Startavgift kr.200,-. Herreklasse, junior og damer. Påmelding i golfbox. Betaling ved vipps eller kontant ved start.

Reknar med at turneringa er ferdig ca. 15.00

https://www.golfbox.no/portal/golf_info/gbtourframe.asp?selected={CC74A204-A100-4547-9A48-63BF5E02C2D2}&language=1044&#/competition/1269728/info

Turnering 12. august

Hei til helga 12. august, er det NVT Maurstad Open. De er invitere til nydeleg topptrimma bane 🙂 Bana vert såleis stengt for andre frå 09.00 – 17.00.
Meld dykk på via Golfboks – takk