Avslutning av sesongen og sosiale aktivitetar

Hei styret har vedteke følgande;

Det vert samling 02. november kl. 20.00 på Kinarestauranten –  der det vert mogeleg å kjøpe mat mm. Samtidig vert det premieutdeling for Sommarslaget og Nattgolfen. Påmelding er nødvendig til Frode Nord eller Arild Hjelmeland innan 31. oktober takk og velkomne skal de være 🙂

Samtidig vil styret minne om:

Vi har som fast målsetting om at vi har sosial samling kvar første torsdag i mnd kl. 20.00. Set av tid i kalender no og plassering kjem vi tilbake til på nett/sosiale media.

Nordfjord GK har open sosial samling i Malakoff bar på Nordfjord Hotell kvar første torsdag i mnd. gjennom vinteren. Møt opp alle som vil kl. 20.00 ! 🙂
07.12
04.01
01.02
01.03
05.04
Vel møtt

Styret

Nattgolf !!

NGK inviterer til Nattgolf mandag 23. oktober 2017,  kl. 19.00 på Stokkenes.

Påmelding i Golfbox eller ved oppmøte – møt opp seinast 18.30

Sportskommiteen

Ekstraordinært Årsmøte Stokkenes Golfpark

Ekstraordinært årsmøte – Stokkenes Golfpark SA – 2017, fredag 06. oktober i Skreddarhuset kl. 18.00

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden
  2. Val av møteleiar, referent og to medlemar til å skrive under protokollen.
  3. Kjøp av gnr. 48 b.nr. 17 Styret har siste tida hatt ein prosess for å inngå avtale om kjøp av garasje der golfklubben i dag har lager av verkty og utstyr. Avtalen er no ferdig forhandla, sjå vedlegg 1.  Styret i Stokkenes Golfpark må ha fullmakt frå årsmøtet til å ta opp lån. (viser til gjeldande vedtekter, sjå vedlegg 2)

Vedlegg:

  1. Avtale for kjøp av garasje
  2. Vedtekter for Stokkenes GolfparkAll dokumentasjon er tilgjengeleg på kontoret til sekretær

Nødvendig dokumentasjon er tilgjengeleg på sekretær sitt kontor

Nordfjordeid, 26. september, 2017

 

………………………………………………..                        ……………………………………….

Arild Hjelmeland, sign                                                Kent Tryggestad, sign

-sekretær-                                                                              -styreleiar-