Velkommen!

Kontakt oss

• Heilt magisk bane
• Greenfee 250 kr
• Alltid ledige tider
• Vi har køller
• Callaway Rouge & Mavrick

Årsmøte Nordfjord Golfklubb 2021

Årsmøteinnkalling_NGK_ 2021

Årsmøteinnkalling_SGP_ 2021

 

Årsmøtet vert halde på Nordfjord Hotell, torsdag 04.02.2021, kl. 18.00

 

Eventuelle smittevern tiltak kan føre til at vi ikkje får gjennomført fysisk møte.

 

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og dagsorden
  2. Val av møteleiar, referent og to medlemar til å skrive under protokollen.
  3. Styrets årsmelding 2020
  4. Rekneskap 2020 og budsjett 2019
  5. Regulering av kontingent, greenfee, årskort
  6. Val av leiar
  7. Val av styremedlemar, varamedlemar og komitémedlemar
  8. Eventuelt.

 

 

Nordfjordeid, 21. januar 2021

 

………………………………………………..                                          ……………………………………….

Joar Sæten, sign                                                                    Kent Tryggestad, sign

-sekretær-                                                                              -styreleiar-

Dato for årsmøtet er satt til 04. februar 2021- innkalling kjem

Hei alle golfspelarar som ynskjer å spele golf i vinter🙂. I år vert det ikkje mogeleg å spele golf innandørs i juleferien. På grunn av covid 19, ansvar og smittevern vert dette ikkje mogeleg. Hotellet stenger 18.des., og åpnar igjen 04. januar.
Det er no mogeleg å kjøpe årskort for 2020. Årskortet gjeld frå 01.01.21 – 31.12.21. Pris for vaksne er kr.1.000,-, og for junior kr. 500,-
Dette gjeld for medlemar av Nordfjord Golfklubb.
Pris pr. time for medlemar av andre golflubbar er kr.200,- for senior og kr.100,- for junior.
Betal med VIPPS TIL 99802.
Vi minner om følgjande for dei som vil bruke simulatoren:
  • All booking skal gå føre seg på Golfbox .
  • Registrer namn på alle som skal spele.
  • Alle som skal spele skriv seg inn i eiga bok i resepsjonen.
  • Alkohol er forbode på Hemsen, det same gjeld med brakt mat og drikke.
  • Dersom du vil ha kaffi eller anna å forfriske deg på, betalar du for dette i resepsjonen.
  • Det er viktig at du les instruksane for av og pålogging, og gjer dette på rett måte.
  • Husk alltid å rydde opp etter deg og sprite overflater du tek på, hender før og etter at du har spelt.
  • Det skal vere max 4 personar som oppheld seg i rommet.
  • Dersom timen før ein skal spele er ledig, kan ein møte litt tidlegare for å logge sg inn etc.
  • Alle tek med seg ny rein ball og bruker denne. Spel ikkje på same ball.
  • Det er ikkje lov å legge seg inn på andre sine tider i Golfbox. Dette skal i i dette høve avklarast med den som har tinga tid fyrst.
  • Årskortet gjev deg rett til å spele 2 timar pr.dag. Spelar ein utover den tida, gjeld spelesatsar for junior og senior.
NB! husk coronareglane og sprit hender og overflater!!