Simulatorgolf hemsen på Nordfjord Hotell

Hei alle golfspelarar som ynskjer å spele golf i vinter🙂. I år vert det ikkje mogeleg å spele golf innandørs i juleferien. På grunn av covid 19, ansvar og smittevern vert dette ikkje mogeleg. Hotellet stenger 18.des., og åpnar igjen 04. januar.
Det er no mogeleg å kjøpe årskort for 2020. Årskortet gjeld frå 01.01.21 – 31.12.21. Pris for vaksne er kr.1.000,-, og for junior kr. 500,-
Dette gjeld for medlemar av Nordfjord Golfklubb.
Pris pr. time for medlemar av andre golflubbar er kr.200,- for senior og kr.100,- for junior.
Betal med VIPPS TIL 99802.
Vi minner om følgjande for dei som vil bruke simulatoren:
  • All booking skal gå føre seg på Golfbox .
  • Registrer namn på alle som skal spele.
  • Alle som skal spele skriv seg inn i eiga bok i resepsjonen.
  • Alkohol er forbode på Hemsen, det same gjeld med brakt mat og drikke.
  • Dersom du vil ha kaffi eller anna å forfriske deg på, betalar du for dette i resepsjonen.
  • Det er viktig at du les instruksane for av og pålogging, og gjer dette på rett måte.
  • Husk alltid å rydde opp etter deg og sprite overflater du tek på, hender før og etter at du har spelt.
  • Det skal vere max 4 personar som oppheld seg i rommet.
  • Dersom timen før ein skal spele er ledig, kan ein møte litt tidlegare for å logge sg inn etc.
  • Alle tek med seg ny rein ball og bruker denne. Spel ikkje på same ball.
  • Det er ikkje lov å legge seg inn på andre sine tider i Golfbox. Dette skal i i dette høve avklarast med den som har tinga tid fyrst.
  • Årskortet gjev deg rett til å spele 2 timar pr.dag. Spelar ein utover den tida, gjeld spelesatsar for junior og senior.
NB! husk coronareglane og sprit hender og overflater!!