Velkommen!

• Heilt magisk bane
• Greenfee: 300,-
• Junior (15-19 år): 100,-
• Alle under 15 år: Gratis
• Alltid ledige tider
• Vi har køller
• Callaway Rouge & Mavrick

RSS Nyheter

  • Dugnad tirsdag 14.10 13. oktober 2025
    Vi tar ein siste dugnad på greenane i morgon. det er tre greenar som skal luftast og dressast. Vi treng ca 4 mann. Send ei melding til Finn Hauglan tlf. 917 95 936 om du har mulighet til å bli med😀
  • Steng bane/driving range ifbm. veien til golf-kurs 6. oktober 2025
    Onsdag 8.10 er driving rangen stengt mellom 16.00 og 19.00 grunna VTG-kurs. Torsdag 9.01 er bana stengt fra 16.00 og ut dagen grunna VTG-kurs.
  • Nattgolf + sesongaavslutning 2025 28. september 2025
    Nattgolf og sesongavslutning – fredag 3. oktober kl. 19:00 Fredag 3. oktober kl. 19:00 inviterer vi til nattgolf på Stokkenes Golfpark. Etter turneringa blir det ei sosial samling med mellom anna premiering av vinnarane av Sommarslaget 2025. Vi håpar å sjå deg på begge delar av arrangementet! Påmelding: – Nattgolf: Meld deg på via Golfbox, […]
  • Dressing av greener 23. september 2025
    I morgon og torsdag vil vi fortsette med arbeidet på greenane. Vi treng folk frå ca 1630 til å hjelpe til med kosting. Dette er arbeid som blir ei god invistering for sessongen 2026, så vi håpar vi ser deg der! Gi beskjed til Oddbjørn om du har mulighet til å bli med, tlf. 41426327🙂⛳
  • BESTBALL 15.09 14. september 2025
    Litt kort varsel, men sidan sommerslaga er ferdig for i år setter vi opp ei bestball-turnering I morgon. Meld dokke på som lag eller solo 👍🙂 ingen turneringsavgift! Vel møtt 🏌‍♂️
  • Nordfjord Golfklubb 1. september 2025
    Veien til Golf (VTG) – Uke 37 Nordfjord Golfklubb arrangerer nytt VTG-kurs i uke 41. Teoridel: Onsdag 8. oktober, med trening på driving range etter teorien. Praktisk del: Tirsdag 9. oktober. 📞 Påmelding: Kontakt Øystein Kolseth på telefon 908 50 508. 💰 Pris: Barn: kr 600,- Voksne: kr 1300,- Prisen inkluderer: Medlemskap i Nordfjord Golfklubb […]
  • Nordfjord Golfklubb 27. august 2025
    Klubbmeisterskap 2025 Søndag 24. august gjekk årets klubbmeisterskap av stabelen på Stokkenes Golfpark. Det blei ein flott dag med strålande stemning og mykje god golf. Etter 18 spennande hol stod tre spelarar likt med +6 slag: Thomas Storøy, Håvard Nygård og Oliver Midtbø. For å kåre ein vinnar måtte det spelast omspel på hol 9 […]
  • Nordfjord Golfklubb 25. august 2025
    Maurstad Open Søndag 31.august 12:00 spelar vi Maurstad Open på stokkenes golfpark. Maurstad Open er i år ein del av Nordvest Tour igjen, og påmelding skjer difor via Selje golfklubb : https://www.golfbox.no/app_livescoring/tour/?language=1044#/competition/5096680/info Ta med deg godt humør og bli med på ei trivelig dag med golf ⛳ 🏌️‍♂️
  • Nordfjord Golfklubb 20. august 2025
    Klubbmesterskap 2025 Søndag 24. august brakar det laust med årets klubbmesterskap på Stokkenes Golfpark! Vi spelar slagkonkurranse i fire klassar: 🟢 Junior: Under 19 år 🔵 Vaksen: 20–49 år 🟠 Senior: 50 år og oppover ⚪ Dameklasse 🏆 Det blir kåra ein klubbmeister på tvers av alle klassar, så her har alle sjansen til å […]
  • Nordfjord Golfklubb 21. juli 2025
    Veien til golf (VTG) Det vert nytt vegen til golf i veke 32. Teori del laurdag 09.august, og praktisk del søndag 10 august. For på melding kontakt Øystein Kolseth tlf:90850508. Pris kr.1600 for barn og kr.3200 for voksne. Det inkluderar medlemskap i Nordfjord Golfklubb og fri spelerett for ein sesong på Stokkenes Golfpark.

Simulator på Nordfjord Hotell er no opna etter å ha vore stengt sidan 12. mars.

Bestilling av tid via Golfbox og husk:!

  • Registrering og betaling i resepsjonen
  • Vask hender og utstyr
  • Bruk berre eige utstyr
  • Følg smittevernreglane

MATCHPLAY

Påmelding til turneringa i Golfbox

Startkontigent er 200 NOK per deltager. Junior kr 100. Betalast ved oppmøte ved første match.

Turneringa er en individuell matchspelkonkurranse. Det er ei samla klasse. Valgfri tee.

Det spelast over fire rundar;

  • – 1.runde (16 spelarar)
  • – Kvartfinalar (8 spelarar)
  • – Semifinalar (4 spelarar)
  • – Finale (2 spelarar)

Vi spelar matchspel med 3/4 sh over 9 hol pr runde.

Det spelast med maks. tillatt handicap på 36,0. Dvs. at du kan ha 54 i hcp, men får tildelte slag tilsvarende 36.

Korleis rekne ut spelehandicap?

Eks:

  • Spelar 1 har 13 tildelte slag over 9 hol. Spelar 2 har 7 tildelte slag.
  • Spelar 1 mottar (13 x 0,75) 9,75 slag. Rundast opp til 10 slag.
  • Spelar 2 mottar (7 x 0,75) 5,25 slag. Rundast ned til 5 slag.
  • Forskjellen på spelar 1 og 2 er 5 slag.
  • Spelar 1 vil da få tildelt 5 slag, som skal fordelast på hola med lavast index.

Uavgjort runde blir avgjort med omspel på hol 9. Dersom likt resultat her vinn spelar med innspel nærast flagget.

Turneringa blir gjennomført på følgande måte:

Første runde, som er seeda, blir offentliggjort omgåande etter siste påmeldingsdag. Det blir sendt epost til deltakarane som inneheld parsammensetningar og frist for spel. Spelar med lavast handicap tar kontakt med motstander for avtale om spel, men begge er ansvarlige for gjennomføring. Dersom spelar ikkje møter til avtalt tid vinn den frammøtte på walk over.

Etter kvar match sender spelar med lavast hcp beskjed om resultatet til Frode. Få med resultatet og (eks. 3&2).
Vi minner om at det i matchspel er lov å «gje vekk» hol hvis du ser at du ikkje kan vinne det aktuelle holet.

Reglar for matchspel er annleis enn for slagspel, så det kan være en fordel å sjå gjennom kva forskjelar dette er.

Golfklubben oppmodar alle medlemer å ta med vener og kjende til Stokkenes Golfpark. Bruk gjerne rangen, men det er og lov å ta med personar på bana. Vi har oppretta ein Introduksjonsgreenfee som kan nyttast inntil tre gongar. Denne er halvparten av ordinær greenfee, og er lagt inn på Vipps. Betal før de går ut – Lykke til!