Sommarslaget 2010
Det årvisse sommarslaget er no i gang. Etter dei to fyrste rundane er det Linn Beate Leivdal Rye (damer), Elias Nes (herrar senior) og John Matias Garlid som har teke leiing i sine repektive klassar. Resultatlista vil løpande bli oppdatert.
Sommarslaget er ein uformell konkurranse der alle kan stille. Dei som har vore med nokre år, vil ta i mot dei som er nybyrjarar og vise korleis ulike konkurranseformer fungerer. Ein treng slett ikkje vere nokon "spesialist" for å delta. Sommarslaget går kvar måndag ettermiddag frå kl. 18:00 og det blir spela 9 hol (ferdig ca. kl. 20:00). Kontingenten for å delta er kr. 100,-/50,- og ein betalar kun fyrste gongen ein deltar. Vel møtte neste måndag !
Sportskomitéen i Nordfjord Golfklubb.




