Maurstad Open 2010
Nordfjord Golfklubb arrangerte Maurstad Open søndag 15. august. Dagen var den finaste som har vore i heile sommar med sol, varme og nærast vindstille, så det låg til rette for ein fin fin golfdag. Det møtte 17 deltakarar som kiva om fine pokalar i tillegg til den gjeve vandrepokalen til beste 3- mannslag, uansett klasse.
Nordfjord GK sine 3 klassevinnarar, frå venstre: Thomas Storøy, Linn Beate L. Rye og Joakim Leivdal. Joakim deltok i konkurranse for fyrste gong og gjorde ein svært god figur i debuten. Linn vant dameklassen foran Marit Brennodden, medan Thomas, som på førehand var ein av dei største favorittane, gjekk av med sigeren i herreklassen.
Svein Aasen frå Volda GK slo til med eit kjemperesultat i herrar senior med 74 slag. Dette resultatet hadde blitt topp- plassering også i herreklassen.
Komplett resultatliste




































































