Klubbmesterskapet 2010
Nordfjord Golfklubb arrangerte Klubbmesterskap 2010 i Stokkenes Golfpark søndag 05. september. Sol frå skyfri himmel og ei bane som etter sigande var så fin den aldri har vore. Det stilte 11 deltakarar i 3 klassar og det var i dameklassen den største spenninga kom. Til slutt viste det seg at Marit Brennodden og Linn-Beathe L. Rye begge klarte 91 slag på dei 18 hola. Det måtte omspel til for å skilje mellom dei to. Linn-Beathe viste seg som den sterkaste til slutt og kunne smykke seg med tittelen klubbmester 2010.
I herreklassen var det på førehand venta ein kamp mellom Thomas Storøy og Tore Naustdal, med Thomas som knepen favoritt. Her gjekk det som venta og Thomas vart årets klubbmester i herreklassen.
I herrar senior var det vanskelegare å plukke ut nokon klar favoritt. Her vart det formannen i golfklubben, Tøger Lien, som trakk det lengste strået og vant mesterskapstittelen i denne klassa.
Medaljevinnarane frå venstre: Marit Brennodden (Sølv), Dagfinn Gjerde (bronse), Tøger Lien (gull), Svend Weum (sølv), Agnar Kvalsund (bronse), Tore Naustdal (sølv), Linn-Beathe L. Rye (gull) og Thomas Storøy (gull).


















































