Velkommen!

Kontakt oss

• Heilt magisk bane
• Greenfee 250 kr
• Alltid ledige tider
• Vi har køller
• Callaway Rouge & Mavrick

Bana

Oversiktsbilde

Hol nr. 1

277 m / 249 meter, par 4
Holsponsor: Sparebanken Vest

Utslaget ligg på øvste platået med storslagen utsikt over fairway og green som ligg i enden av jordet. Høgdeskilnaden mellom utslag og fairway er på 10 meter og ein får lyst til å ta fram grovaste reiskapen i bagen. Men ta deg i vare…langs venstre kant er det out of bounds mot drivingrange og dersom du skal langt fram mot greenen på fyrste slag må du løfte ballen over dette området. Tryggaste vegen fram er å spele i retning av merkjesteinen, gjerne med litt draw i ballen, men misser du ut til høgre, kan det vere vanskeleg å finne ballen…spel provisorisk. Bunker i forkant og skog til venstre for greenen.

Hol nr. 2

214 m / 192 meter, par 4
Holsponsor: SFE

Her er det mogleg å slå seg over på sletta der greenen ligg, men ballen må luft- berast over rough som kryssar fairway ved om lag 170 meter. Det kan vere taktisk lurt å spele utslaget ca. 130-140 meter for så å få eit greitt innspel over roughen og over bunkeren som ligg foran og litt til høgre for spelelinja.

Hol nr. 3

175 m / 157 meter, par 3
Holsponsor: Circle K Eid

Du kan skimte toppen av flagget der greenen er plassert bak bekkekammen. Dei som går for greenen skal ta seg i vare. Det ligg ein vanskeleg, skjult bunker i forkant av greenen som har ein stygg tendens til å samle opp golfballar på avvegar.

Hol nr. 4

209 m / 188 meter, par 4
Holsponsor: Advaco

Kanskje dette er det vanskelegaste holet på bana. Ein må velje reiskap med omhug. Utslaget ligg på ei høgde, med 8 meter høgdeskilnad ned til fairwayen som går i dogleg høgre. Framme ved knekkpunktet smalnar fairwayen inn og skapar vanskar for innspelet mot greenen, dersom ein har ruska litt med utslaget. Greenen ligg skjerma av skog på 3 kantar.

Hol nr. 5

84 m / 84 meter, par 3
Holsponsor: Klinikk54

Det kortaste holet på bana, men også her er det hindringar å forsere. Tett inntil greenen på venstre sida ligg ein liten dam. På motsatt side av greenen er bunkeren plassert. Skildring av ein normal situasjon på dette holet: Ein sikrar seg mot å gå i vasshinderet og siktar litt ut til høgre… hamnar i bunker…får bunkerslag mot dammen…skal slå eit forsiktig bunkerslag… ja, du veit heilt sikkert korleis det er…

Hol nr. 6

123 m / 110 meter, par 3
Holsponsor: Frequency

For spelarar med lite løft kan dette holet vere vanskeleg. Fairwayen går gjennom eit trongt skogholt og er kransa av høge tre. Ei kølle med løft i vil ta trea ut av spel og fairwayen på andre sida er hyggjeleg og brei. Bunker til venstre for green. Ta omsyn til laksefiskarar langs elvebreidda, som er på jakt etter storlaksen.

Hol nr. 7

240 m / 208 meter, par 4
Holsponsor: SH Nesbakk AS

Det vakraste holet på bana med ein høgdeskilnad på nær 15 meter. Frå utslaget lokkar fairwayen til ei lang kølle med slice i. Den breie fairwayen går i dogleg høgre medan greenen er beskytta av bunker i forkant. Det nok av fairway å boltre seg på … ta sjansen!

Hol nr. 8

233 m / 209 meter, par 4
Holsponsor: Chatlet Sport AS

Dogleg venstre. Utfordringa på dette holet er kanalen som kryssar fairwayen foran greenen. Innspelet må vere av nøyaktig lengde dersom du går for greenen på andre, men det er også godt høve for den meir varsame spelaren.

Hol nr. 9

100 m / 100 meter, par 3
Holsponsor: Nordfjord Hotell

Avslutningsholet tilbyr to vegar inn. Den modige spelaren går for greenen, men dette krev nøyaktigheit. Kanalen som går langs fairwayen slangar seg forbi greenen og inviterer mange ballar til det våte element. Den sikre vegen inn er via fairwayen på andre sida av kanalen, men dette krev ein kortare andrekipp inn på greenen.