Brukernavn
Passord
Golfbox
Klubbmesterskapet 2009   Skriv ut  E-post 

06.09.2009

Nordfjord Golfklubb arrangerte klubbmeisterskap søndag 6. september. I starten var det nær opphaldsvêr, men ikkje lenge etter starten blei det vått. Stokkenes Golfpark ligg på ein godt drenerande grunn, så den største utfordinga for spelarane var å halde golfhansken tørr. Dersom golfhansken blir våt kan det vere vanskeleg å halde stødig grep på golfkølla. Utover dagen skifta det mellom regn og sol, men alt i alt vart det ein nokså våt dag. Resultatlister finn du i marg- menyen.


Du finn fleire bilete under linken "les mer"

I dameklassen var det Linn Beathe L. Rye som var førehandsfavoritt til å ta klubbmeistertittelen. Ho vant også med solide 98 slag, føre sin einaste konkurrent Kristi Glomnes som gjekk på 131 slag.


Linn Beathe L. Rye godt nøgd med dagens siger.

 

Tore Naustdal er nøgd med slaget frå tee 1

I herre- klassen var det Tore Naustdal som var knipen førehandsfavoritt med sitt handicap på 12,7. Herreklassen med 6 deltakarar var derimot på førehand uviss, med lite handicapskilnad på dei 6 deltakarane. Til slutt vart det Dagfinn Gjerde som vart klubbmeister med gode 70 slag føre andremann Thomas Storøy med 76 slag. Tore Naustdal tok tredjeplassen, 8 slag etter vinnaren.


Sigerherren Dagfinn Gjerde i djup konsentrasjon


I herrar senior var det på førehand ikkje godt å spå kven som skulle gå av med sigeren. Tilslutt viste Elias Nes seg som den sterkaste og vant med 90 slag. På andreplass kom Per Bergheim med 95 slag og tredjeplassen tok Agnar Kvalsund med 99 slag.


Per Bergheim, Thomas Storøy og Agnar Kvalsund er klare til å signere scorekort.



Jan Skogstad velger storklubbe (noko som viste seg å vere eit dårleg val...)

Vi kunne ønskt oss meir deltaking på klubbmeisterskapet, men vêret får ta litt av skulda for at det ikkje møtte fleire enn 11 deltakarar. Vi minner om fylkesmeisterskapen som går av stabelen søndag 13. september. Årets siste konkurranse- arrangement i regi av Nordfjord Golfklubb er ”Nattgolf” som etter planen skal gå laurdag 19. september. Dette arrangementet kan bli flytta dersom vêret ikkje er godt.

Vel møtt !
Sportskomiteen i Nordfjord Golfklubb



Sponsorer