|
|
|
|
|
|
23.05.2009
Nordfjord Golfklubb arrangerte jubileumsturnering i Stokkenes golfpark laurdag 23. mai, i høve til golfklubben sitt 10 års- jubileum. Styreleiar i golfklubben, Kent Tryggestad, ønskte dei frammøtte velkomen før konkurransen starta. Konkurranseforma var Stableford- konkurranse der resultatet vert påverka av spelaren sitt handicap. Det stilte deltakarar i 3 klassar: Damer, Herrar og Herrar senior. Forutan deltakarar frå Nordfjord golfklubb, stilte det også deltakarar frå Stryn GK og Volda GK.
I dameklassen var det Linn Beate Leivdal Rye (biletet) som stakk av med sigeren, fattige 2 poeng føre førehandsfavoritten Marit Brennodden. Gledeleg å sjå at damene får konkurranse om pokalane. I herrar senior var det Bjørn Lien som denne gongen klarte å kapre fyrsteplassen føre strynegolfaren Ola Aarheim. I klassen for Herrar var det Jacob Goll-Rasmussen som stakk av med den største pokalen med gode 40 poeng. Thomas Storøy tok andreplassen, fire poeng bak. Komplett resultatliste finn du under link i menyen til venstre
Deltakarane koste seg i det fine veret i golfparken og arrangørane fikk skryt for eit fint tilrettelagt arrangement. Bana viste seg som alltid i "ship shape" stand. Sjå fleire bilete under linken "les mer.."  Stokkenes Gjestegard gratulerte Nordfjord Golfklubb med 10 års- jubileumet og hadde pynta med norske flagg. Ved foten av flaggstanga står damene som styrte kafeen: Kristi Glomnes og Bodil Rasmussen.
 Erik Kjersgaard, Bjørn Lien og Dagfinn Gjerde på veg fram til green 8
 Stilstudie av Dagfinn Gjerde
 ...rett i koppen ?
 Green 8
 Elias Nes... é an go ?
 Bjørn Lien hadde ein god dag på golfbana og likar det han ser.
 Sigerherren i herre- klassen, Jacob Goll-Rasmussen reddar seg fint ut av bunkeren ved green 6
 Svein Solum og Jacob Goll-Rasmussen ventar spent på putten til Ola Aarheim
 Ola Arheim, Svein Solum, Jacob Goll-Rasmussen og Linn Beathe Leivdal Rye på green 6
 Linn Beathe Leivdal Rye puttar sikkert...
 Frå green 6 mot utslaget ved elva.
 Thomas Storøy med sikker sving.
 John Matias Garlid, Arild Hjelmeland, Idar Rebbestad og Thomas Storøy er spent på om golfballen ligg godt.
 Idar Rebbestad med ein fin chipp over bunkeren.
 Linn Beathe Leivdal Rye med snert i slaget på hol nr. 7
 Tore Naustdal og Marit Brennodden
 Arild Hjelmeland med storslegga !
 Dei frammøtte tilskodarane koste seg i finevéret på terrassen til Stokkenes Gjestegard
 Arild hjelmeland nyt ein kopp kaffi og ein bit sjokoladekake etter endt dyst.
 Thomas Storøy hadde ein god dag på bana og kapra 2. plassen i klassen for herrar. |