Brukernavn
Passord
Golfbox
Flaggkonkurranse 2009   Skriv ut  E-post 

09.05.2009
Årets konkurransesesong er endelig i gang. Nordfjord GK inviterte til kappestrid i Stokkenes Golfpark, laurdag 9. mai. Vérgudane varta opp med ausande regn og iskald blest, eit vérlag som passa kun for dei tøffaste. Spelarane vart tildelt 80 slag og eit nummerert flagg. Flagget skal plasserast der ballen hamnar på spelaren sitt 80. slag. Vinnaren er den som sist må plante flagget. Biletet viser pokalvinnarane, frå venstre: Tore Naustal (2. plass herrar), Marit Brennodden (1. plass damer), John Matias Garlid (1. plass herrar) og Olav Johansen (1. plass herrar senior). Heile resultatlista finn du under menyen til venstre


På slike dagar er det hyggeleg å kunne trekke inn i varmen i Stokkenes Gjestegard sine fine lokaler, for å tine kalde fingrar og få seg ein varm kaffi med noko godt attåt. Under linken "les mer.." finn du fleire bilete frå konkurransen.


Marit Brennodden på utslaget. Gjekk ballen litt til høgre?


Olav Johansen, Sven Meyer og Bjørn Lien freistar å halde konsentrasjonen i det sure véret.


Svein Solum, Arild Hjelmeland, Inge Norvik og Tore Naustdal under paraplyane.


Inge Nordvik


Svein Solum likar det han ser.


Midt i fairway?


Fin lift-off...


Vått, vått, vått...


Olav Johansen og Marit Brennodden studerer våte scorekort.


Sponsorer