06.10.2007 Eid ungdomskule har starta på det andre skuleåret med fysisk aktivitet i skuletida. Skulen har organisert 45 minutt med fysisk aktivitet kvar tysdag og torsdag. Dette er ein aktivitet som alle elevar skal vere med på. Elevane får velje kva dei vil vere med på av desse aktivitetane:
Leikar og spel på skuleplassen. Fotball på kunstgrasbana Aktivitetar i idrettshallen Golf på Nordfjord golfklubb. Symjing Gå tur i området nord for skulen. Dans på skulen – organisert av elevar.
Nytt av året er at elevane må velje aktivitet og at aktivitetane er meir organisert frå skulen si side. Målet er at alle elevane skal vere fysisk aktive denne tida.
Nytt av året er at skulen tilbyr golf som ein aktivitet. Nordfjord Golfklubb har vore svært positive til å leggje til rette for at elevane skal få prøve denne idretten.
Kvar tysdag og torsdag har 15 til 20 elevar fått prøve golf på driving rangen til Nordfjord golfklubb. Klubben har stilt utstyr til fri disposisjon denne tida.
Dette tilbodet har blitt svært godt motteke av elevane som har kosa seg med golf.