28.08.2007 Nordfjord Golfklubb fikk i år den store oppgåva å arrangere Fylkesmeisterskapen i golf. 37 deltakarar kjempa i tilsaman 6 klassar, medan det kun er ei dame og ein herre som kan motta fylkesmeistertittelen. Dame og jenteklassane gjekk frå raud utslagsstad, medan herre og guteklassane gjekk frå den gule utslagsstaden. I dameklassen var den den unge juniorjenta Johanne Gjedal Mo frå Lærdal GK som blei fylkesmeister føre dei sterke golfdamene frå Selje GK. I herreklassa vart det favorittsiger til Petter Bortne frå Selje GK. Det som kanskje blei ein hyggjeleg overraskelse var at vår eigen Tore Naustal sklulle gje Bortne kamp til døra. Tilslutt skilde det berre 2 slag mellom desse dyktige golfarane.