|
08.09.2007

Grytidleg laurdag morgon den 1. september, samlast 13 spente karar seg til golftur. Med nypussa køller og eit stort antal nyinnkjøpte ballar, var vi klare for tre dagar med golf på ei av Polen sine beste baner. Postolowo ligg ca. ein halvtimes køyretur vest for Gdansk. Helga etter vi var der, skulle det arrangerast Polish Open på bana, så tilhøva skulle være dei aller beste. Etter ein god times flytur, landa vi i Gdansk i strålande vér. Det var bestilt minibuss, og den hadde heldigvis tilhengar.

For når karane er på tur, så har vi verkeleg med mykje bagasje. Når vi endelig hadde fått pressa inn den siste ”beauty- bagen”, sette vi kursen mot hotellet som låg like ved bana. Vel framme fikk vi beviset på at biletmanipulasjon også har nådd Polen. Det som på internettsidene var eit fint hotell med blømande hage og restaurant, var i sanning eit uferdig pensjonat med anleggsarbeid rundt husa. "Her kan vi ikkje bu", var omkvedet blant idrettsfolket. Ferda gjekk vidare til golfbana, medan Kent ordna nytt hotell.

Stemninga steig til høgder når vi kom fram til bana. Arild og Kent hadde gått bana før, så dei losa oss fram til restauranten så vi kunne få innta ein sein frukost. Planen var at vi skulle gå ei runde laurdag, to rundar sundag, der den eine skulle telle som konkurranse og til slutt ei runde måndag .
Bana har ei lengd på ca. 6000 meter, og det lengste par 5 holet er på heile 497 meter. Dette skulle altså bli ein stor overgang frå vår eiga bane og her var det mange som verkeleg fikk dreis på driveren.
Kent hadde i løpet av dagen skaffa nytt hotell i byen Kosclerzyna. Ein liten by med ca. 25.000 innbyggjarar. Det er også i denne byen Norgesvinduet Bjørlo har sin fabrikk.


I sin funksjon som reiseleiar, hadde Kent ordna med ekte polsk mat.

I løpet av turen fikk vi ein kveld ete grilla villsvin. Ein annan kveld fikk vi griseknoke + ei kraftig og god suppe til forrett og kake med is til dessert. Fantastisk godt !

Så til deg som les dette og ikkje har ferieplanane til neste år i boks, kan eg trygt tilrå Polen. God mat, hyggjelege menneske, gunstig prisnivå og slettes ikkje så langt unna.

Sundag var det konkurransedag. Vi henta golfbilar og delte opp i flightar (eller ballar som det visstnok heiter på nynorsk). Innlagt i slagkonkurransen var det lagt inn "Longest Drive" og "Closest to pin".

Ein annen, men heilt uoffisiell konkurranse var "Closest to Banemannskap", som Inge vant med god margin etter eit langt og godt slag som enda i ein bekk. Det vi ikkje var klar over, var at nede i denne bekken satt ein kar og jobba med skiferstein. Ballen landa nok ikkje meir enn ein liten meter frå skiferarbeidaren, men han burde nok på ein eller annen måte markert at han var midt i skotlinja.

Ein annan heiderspris som blir utdelt , er "Looser of the Year". Denne prisen var det underteikna som stakk av med i år. Når vi reiser så langt for å spele golf, synes eg at det er viktig og få spele så mykje som mogleg på bana. Flest mogleg slag på mest mulig areal av bana, gir utvilsamt mest valuta for pengane !

Måndag skulle vi også gå ein runde. Vi henta ut bilane og la lystig i veg. Men skikkelig vestlandsvér og fare for vassplaning med bilane, gjorde at vi gav oss halvvegs i runden.

Etter og ha fått på oss tørre klede, reiste vi inn til Gdansk på sightseeing. Kent var godt kjent i byen og vi fikk sett ein god del av dei fine attraksjonane i byen. Vi var blant anna inn i den gotiske Mariakyrkja.

Luftig utsyn over byen

Mursteinbygninga vart oppført i tidsromet 1342-1502. Inne i eine kyrkjetårnet er det 405 trappetrin som fører deg opp på taket av kyrkja. Ein skikkelig luftig oppleving. Tysdag var det klart for heimreise. Vi hadde bra med tid om morgonen, så vi gjekk litt i byen som var fullpakka med marknadsseljarar.

Det mest eksklusive vi fant var ei arbeidsuniform frå Kolo Veidekke.
Vil til slutt takke alle for ein kjempefin tur og ein stor takk til Kent som gjorde ein glimrande jobb som reiseleiar !
Resultatlistene finn du under Resultatlister i margen til venstre
Per Bøen |